Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 5:18-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. greip apostlane og kasta dei i byfengselet.

19. Men ein engel frå Herren opna fengselsportane om natta, leidde dei ut og sa:

20. «Gå og still dykk opp på tempelplassen og forkynn for folket heile denne bodskapen om livet!»

21. Fordi dei hadde høyrt desse orda, gjekk dei til tempelet utpå morgonsida, og der underviste dei.Samstundes kalla øvstepresten og mennene hans saman Rådet, heile eldsterådet i Israel, og sende bod til fengselet etter apostlane.

22. Men då vaktmennene kom dit, fann dei ikkje apostlane. Dei kom tilbake og melde:

23. «Vi fann fengselet forsvarleg stengt, og vaktene stod ved portane. Men då vi lét opp, fann vi ingen der inne.»

24. Denne meldinga gjorde overprestane og sjefen for tempelvakta rådville, og dei undra seg på kva dette kunne vera.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 5