Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 5:12-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Ved hendene til apostlane vart mange teikn og under gjorde i folket. Med eitt sinn heldt alle saman og møttest i Salomos søylehall.

13. Ingen andre våga å slutta seg til dei, men folket sette dei høgt.

14. Fleire og fleire trudde på Herren og vart lagde til flokken, både menn og kvinner i stort tal.

15. Dei bar til og med sjuke ut på gatene og la dei på senger og bårer, så i det minste skuggen av Peter kunne falla på nokre av dei når han gjekk framom.

16. Også frå byane kring Jerusalem kom det folk i stort tal. Dei bar med seg sjuke og slike som var plaga av ureine ånder, og alle vart lækte.

17. Då greip øvstepresten inn, han og alle som heldt med han, det vil seia saddukearpartiet. Dei vart brennande harme,

18. greip apostlane og kasta dei i byfengselet.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 5