Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 5:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein mann som heitte Ananias, og Saffira, kona hans, selde ein eigedom.

2. Men han gøymde unna ein del av pengane, og kona visste om det. Så kom han med resten og la det ved føtene til apostlane.

3. Då sa Peter: «Ananias, kvifor har Satan fylt hjartet ditt, så du laug for Den heilage ande og heldt att noko av det du fekk for jorda di?

4. Var ho ikkje di så lenge du hadde henne? Og når du så hadde selt, rådde du ikkje sjølv over pengane? Kvifor lét du dette få rom i hjartet ditt? Det er ikkje menneske du har loge for, men Gud.»

5. Då Ananias høyrde dette, fall han om og døydde. Og det kom redsle over alle som høyrde om det.

6. Nokre unge menn kom og sveipte den døde. Så bar dei han ut og gravla han.

7. Om lag tre timar seinare kom kona hans inn. Ho visste ikkje kva som hadde hendt.

8. Peter spurde henne: «Sei meg, var dette alt de fekk for jorda?» «Ja», svara ho, «det var alt.»

9. Då sa Peter til henne: «Korleis kunne de bli samde om å setja Herrens Ande på prøve? Høyr stega utanfor døra. Det er dei som har gravlagt mannen din. No skal dei bera deg ut.»

10. Og straks fall ho om ved føtene hans og døydde. Dei unge mennene kom inn og fann henne død, og dei bar henne ut og gravla henne ved sida av mannen.

11. Og det kom stor otte over heile forsamlinga og alle som høyrde om det.

12. Ved hendene til apostlane vart mange teikn og under gjorde i folket. Med eitt sinn heldt alle saman og møttest i Salomos søylehall.

13. Ingen andre våga å slutta seg til dei, men folket sette dei høgt.

14. Fleire og fleire trudde på Herren og vart lagde til flokken, både menn og kvinner i stort tal.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 5