Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 4:3-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Dei la hand på dei og sette dei i fengsel til dagen etter, for det var alt kveld.

4. Men mange av dei som hadde høyrt bodskapen, kom til tru; talet på menn var no om lag fem tusen.

5. Dagen etter kom dei jødiske rådsherrane, dei eldste og dei skriftlærde saman i Jerusalem.

6. Også øvstepresten Annas var der, like eins Kaifas, Johannes og Aleksander og alle dei andre som var av same slekt som øvsteprestane.

7. Dei lét apostlane førast fram og spurde dei: «Med kva kraft og i kva namn gjorde de dette?»

8. Då vart Peter fylt av Den heilage ande og svara: «Rådsherrar og eldste i folket!

9. Når vi i dag blir forhøyrde for ei velgjerning mot ein sjuk mann, og de spør korleis han vart lækt,

10. då skal de alle og heile Israelsfolket vita dette: Når denne mannen står frisk framfor dykk, er det ved namnet til Jesus Kristus, nasarearen, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde.

11. Han er steinen som vart vraka av dykk bygningsmenn, men som har vorte hjørnestein.

12. Det er ikkje frelse i nokon annan, for under himmelen er det ikkje gjeve menneska noko anna namn som vi kan bli frelste ved.»

13. Då dei såg kor frimodige Peter og Johannes var, og skjøna at dei var ulærde menn av folket, undra dei seg. Dei kjende dei att og visste at dei hadde vore i lag med Jesus.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 4