Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 4:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Medan dei tala til folket, kom brått prestane bort til dei saman med saddukearane og sjefen for tempelvakta.

2. Dei var harme fordi dei underviste folket og forkynte oppstoda frå dei døde ved Jesus.

3. Dei la hand på dei og sette dei i fengsel til dagen etter, for det var alt kveld.

4. Men mange av dei som hadde høyrt bodskapen, kom til tru; talet på menn var no om lag fem tusen.

5. Dagen etter kom dei jødiske rådsherrane, dei eldste og dei skriftlærde saman i Jerusalem.

6. Også øvstepresten Annas var der, like eins Kaifas, Johannes og Aleksander og alle dei andre som var av same slekt som øvsteprestane.

7. Dei lét apostlane førast fram og spurde dei: «Med kva kraft og i kva namn gjorde de dette?»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 4