Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 3:15-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Men opphavsmannen til livet drap de, han som Gud vekte opp frå dei døde; det er vi vitne om.

16. Ved trua på Jesu namn har dette hendt, for det namnet har styrkt denne mannen som de både ser og kjenner. Den tru vi får gjennom dette namnet, gjorde mannen heil og frisk, som de alle kan sjå.

17. Eg veit nok, brør, at de gjorde dette fordi de var uvitande, slik rådsherrane dykkar er.

18. Men slik oppfylte Gud det han på førehand hadde forkynt gjennom alle profetane, at hans Messias skulle lida.

19. Angra difor og vend om, så syndene dykkar kan strykast ut.

20. Då skal det koma tider med lindring frå Herren, og han skal senda den Messias som er bestemt for dykk, Jesus.

21. Han må vera i himmelen til den tid kjem då alt det skal gjenreisast som Gud har tala om frå eldgamle dagar ved munnen til sine heilage profetar.

22. Moses har sagt: ‘Herren Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør. Han skal de høyra på i alt det han seier dykk.

23. Kvar og ein som ikkje høyrer på den profeten, skal ryddast ut frå folket.’

24. Ja, alle profetane som har tala, heilt frå Samuel, har forkynt det som hender i desse dagar.

25. De er born av profetane, og for dykk gjeld den pakta som Gud gjorde med fedrane dykkar då han sa til Abraham: ‘I di ætt skal alle slekter på jorda velsignast.’

26. Det var for dykk at Gud først lét tenaren sin stå fram, og han sende han for å velsigna dykk når kvar og ein vender om frå vondskapen sin.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 3