Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 3:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Peter og Johannes gjekk ein dag opp til tempelet, til ettermiddagsbøna ved den niande timen.

2. Då kom det nokre berande på ein mann som hadde vore lam heilt frå mors liv. Kvar dag sette dei han ned ved den tempelporten som heiter Den fagre, så han kunne tigga om gåver frå dei som gjekk inn på tempelplassen.

3. Då han fekk auge på Peter og Johannes som var på veg inn, bad han dei òg om ei gåve.

4. Dei såg fast på han, og Peter sa: «Sjå på oss!»

5. Han så gjorde, for han venta å få noko av dei.

6. Men Peter sa: «Sølv og gull eig eg ikkje, men det eg har, det gjev eg deg. I namnet til Jesus Kristus, nasarearen: Stå opp og gå!»

7. Så tok han mannen i høgre handa og reiste han opp. Og straks fekk han styrke i føtene og anklane.

8. Han sprang opp, stod på føtene og tok til å gå omkring. Så følgde han dei inn på tempelplassen, snart gjekk han, og snart sprang han, alt medan han song og lova Gud.

9. Alt folket såg korleis han gjekk omkring og lovprisa Gud.

10. Og dei kjende han att: Det var han som brukte å sitja ved Fagerporten og tigga om gåver. Dei vart ute av seg og fylte av ærefrykt over det som hadde hendt med han.

11. Mannen heldt seg nær til Peter og Johannes, og alt folket flokka seg omkring dei i Salomos søylehall, fulle av undring.

12. Då Peter såg det, tok han til å tala til folket:«Israelittar! Kvifor undrast de over dette? Kvifor stirer de på oss som om det var vår eiga kraft eller gudsfrykt som gjorde at denne mannen kan gå?

13. Nei, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud, våre fedrars Gud, har herleggjort tenaren sin, Jesus. De utleverte han og fornekta han for Pilatus, som hadde sett seg føre å gje han fri.

14. De fornekta Den heilage og rettferdige og bad om å få ein mordar frigjeven.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 3