Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 28:13-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Derifrå segla vi langs kysten og kom til Regium. Dagen etter fekk vi sønnavind og kom på to dagar til Puteoli.

14. Her møtte vi sysken, og dei bad oss vera hos dei ei veke. Så kom vi til Roma.

15. Syskena der hadde høyrt om oss og møtte oss heilt ute ved Forum Appii og Tres Tabernæ. Då Paulus såg dei, takka han Gud og fekk nytt mot.

16. Då vi var komne inn i Roma, fekk Paulus lov til å bu for seg sjølv saman med den soldaten som heldt vakt over han.

17. Tre dagar etter kalla han saman dei fremste jødane. Då dei var samla, sa han til dei: «Brør! Eg har ikkje gjort noko gale mot folket vårt eller mot dei skikkane vi har frå fedrane. Likevel kjem eg som fange frå Jerusalem, der eg vart overgjeven til romarane.

18. Då dei hadde forhøyrt meg, ville dei gje meg fri, fordi eg ikkje hadde gjort noko som kravde dødsstraff.

19. Men jødane sette seg imot det. Difor vart eg nøydd til å anka til keisaren. Men det gjorde eg ikkje for å koma med skuldingar mot mitt eige folk.

20. Difor har eg bede dykk koma hit, så eg kan få møta dykk og tala med dykk. For det er Israels von som gjer at eg går med desse lenkjene.»

21. Dei svara: «Vi har ikkje fått noko brev om deg frå Judea. Heller ikkje har nokon av brørne kome hit og meldt frå eller sagt noko vondt om deg.

22. Men vi vil gjerne høyra av deg kva du meiner. For om denne sekta veit vi at ho møter motstand alle stader.»

23. Dei avtala ein dag med han og kom så dit han budde; dei var då endå fleire enn førre gongen. Frå morgon til kveld forklara og vitna han for dei om Guds rike og freista å vinna dei for Jesus, ut frå både Moselova og profetane.

24. Nokre av dei lét seg overtyda av det han sa, men andre ville ikkje tru.

25. Dei gjekk frå kvarandre djupt usamde, men eitt ord fekk Paulus sagt dei: «Det var sant, det som Den heilage ande tala til fedrane dykkar gjennom profeten Jesaja:

26. Gå og sei til dette folket: De skal høyra og høyra, men ikkje skilja, sjå og sjå, men ikkje skjøna!

27. For hjartet til dette folket har vorte feitt; tungt høyrer dei med øyra, og auga har dei late att, så dei ikkje kan sjå med auga eller høyra med øyra eller skjøna med hjartet og venda om, så eg får lækja dei.

28. Så skal de vita at denne Guds frelse er send til heidningane. Og dei kjem til å høyra.»

29. {{Då han hadde sagt dette, gjekk jødane bort medan dei diskuterte hardt med kvarandre.}}

30. Sidan budde Paulus to fulle år i eit hus han hadde leigd. Han tok imot alle som kom til han.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 28