Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 28:1-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då vi var berga, fekk vi vita at øya heitte Malta.

2. Dei som budde der, var uvanleg hjelpsame mot oss. Dei tende bål og tok seg av oss alle, for det hadde teke til å regna, og det var kaldt.

3. Paulus sanka saman ein haug med kvister og la på bålet. Då kom det fram ein orm som rømde for heten, og beit seg fast i handa hans.

4. Då folket der såg dyret hanga ned frå handa hans, sa dei til kvarandre: «Den mannen må vera ein mordar, sidan Rettferda ikkje lèt han leva, endå han er berga frå havet.»

5. Men Paulus riste ormen av seg og inn i elden og hadde ikkje noko mein av det.

6. Dei andre venta berre at han skulle hovna opp eller brått falla død til jorda. Men då dei hadde venta ei god stund og såg at det ikkje hende noko uvanleg med han, slo dei heilt om og sa at han måtte vera ein gud.

7. Ikkje langt frå denne staden låg det eit gods som Publius, fremste mannen på øya, eigde. Han tok venleg imot oss, og vi var gjester hos han i tre dagar.

8. Far til Publius låg med feber og dysenteri. Paulus gjekk inn til han, bad og la hendene på han og lækte han.

9. Etter dette kom òg dei andre som var sjuke der på øya, og dei vart lækte.

10. Dei gjorde stor ære på oss, og då vi drog vidare, skaffa dei oss det vi trong.

11. Då det hadde gått tre månader, segla vi derifrå med eit skip som hadde lege ved øya om vinteren. Det var frå Aleksandria og hadde Tvillingane som skipsmerke.

12. Vi gjekk inn til Syrakus og låg der i tre dagar.

13. Derifrå segla vi langs kysten og kom til Regium. Dagen etter fekk vi sønnavind og kom på to dagar til Puteoli.

14. Her møtte vi sysken, og dei bad oss vera hos dei ei veke. Så kom vi til Roma.

15. Syskena der hadde høyrt om oss og møtte oss heilt ute ved Forum Appii og Tres Tabernæ. Då Paulus såg dei, takka han Gud og fekk nytt mot.

16. Då vi var komne inn i Roma, fekk Paulus lov til å bu for seg sjølv saman med den soldaten som heldt vakt over han.

17. Tre dagar etter kalla han saman dei fremste jødane. Då dei var samla, sa han til dei: «Brør! Eg har ikkje gjort noko gale mot folket vårt eller mot dei skikkane vi har frå fedrane. Likevel kjem eg som fange frå Jerusalem, der eg vart overgjeven til romarane.

18. Då dei hadde forhøyrt meg, ville dei gje meg fri, fordi eg ikkje hadde gjort noko som kravde dødsstraff.

19. Men jødane sette seg imot det. Difor vart eg nøydd til å anka til keisaren. Men det gjorde eg ikkje for å koma med skuldingar mot mitt eige folk.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 28