Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 27:7-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. I mange dagar gjekk det smått framover, og vi greidde så vidt å koma på høgd med Knidos. Då vi ikkje kunne koma lenger for vinden, heldt vi sør, i le av Kreta ved Salmone-neset.

8. Det greidde vi så vidt å segla rundt og kom til ein stad som dei kallar «Gode hamner», ikkje langt frå ein by som heiter Lasea.

9. No hadde det gått lang tid, og det var ikkje lenger trygt å ferdast på sjøen, for det leid alt over fastedagen. Difor åtvara Paulus dei

10. og sa: «Eg ser at vi kan koma til å mista ikkje berre skip og last, men livet med, om vi fer lenger.»

11. Men offiseren trudde meir på kapteinen og skipsreiaren enn på det Paulus sa.

12. Og sidan det var ei ulagleg hamn for vinteropplag, heldt dei fleste på at dei skulle segla ut derifrå og freista å nå Føniks og liggja der vinteren over. Denne hamna på Kreta vender mot sørvest og nordvest.

13. Då det så tok til å blåsa litt frå sør, tenkte dei at dei kunne fullføra planen. Dei letta anker og segla nær land langs Kreta.

14. Men det var ikkje lenge før ein kvervelvind frå nordaust, Evrakýlon, som dei kallar han, kom kastande inne frå øya.

15. Skipet vart rive med. Det var ikkje råd å halda det opp mot vinden, så vi gav opp og lét oss driva.

16. Då vi kom i livd av ei lita øy som heiter Kauda, var det så vidt vi greidde å berga skipsbåten.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 27