Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 27:23-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. For i natt stod det framfor meg ein engel frå den Gud som eg tilhøyrer og tener,

24. og han sa: ‘Ver ikkje redd, Paulus! Du skal stiga fram for keisaren. Og alle dei som er med deg på skipet, har Gud gjeve deg.’

25. Så ver då ved godt mot! Eg har den tru til Gud at det kjem til å gå som det er sagt meg.

26. Vi kjem til å stranda på ei eller anna øy.»

27. Då vi hadde segla på Adriahavet i fjorten dagar, fekk sjømennene landkjenning midt på natta.

28. Dei lodda og fann tjue famnar. Litt etter lodda dei att og fann femten famnar.

29. Då vart dei redde vi kunne bli knuste mot klippene. Difor kasta dei fire anker ut frå bakstamnen og ønskte berre at dagen måtte koma.

30. Sjømennene freista å rømma frå skipet. Dei sette skipsbåten på vatnet medan dei gjorde som om dei ville setja anker frå baugen.

31. Men Paulus sa til offiseren og soldatane: «Blir ikkje desse mennene verande om bord, kan ikkje de bergast.»

32. Då kappa soldatane taua som heldt skipsbåten, og lét han driva av.

33. Medan dei venta på at det skulle gry av dag, rådde Paulus alle til å få seg mat. Han sa: «I fjorten dagar har de no gått fastande og venta og har ikkje fått noko i livet.

34. Difor rår eg dykk til å ta mat til dykk. Det må til, skal de bli berga. Ingen av dykk skal mista så mykje som eit hårstrå på hovudet.»

35. Då han hadde sagt det, tok han eit brød, takka Gud framfor dei alle, braut det og tok til å eta.

36. No fekk alle nytt mot, og dei tok til seg mat.

37. Vi var i alt 276 menneske om bord.

38. Då dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å hiva kornlasta i sjøen.

39. Då det vart dag, kjende dei ikkje att landet. Men dei fekk auge på ei vik med flat strand, og der ville dei freista å setja skipet på grunn.

40. Dei kappa ankera og lét dei gå i sjøen, og samtidig løyste dei surringane på rora, sette framseglet opp og heldt inn mot stranda med vinden.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 27