Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 27:13-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Då det så tok til å blåsa litt frå sør, tenkte dei at dei kunne fullføra planen. Dei letta anker og segla nær land langs Kreta.

14. Men det var ikkje lenge før ein kvervelvind frå nordaust, Evrakýlon, som dei kallar han, kom kastande inne frå øya.

15. Skipet vart rive med. Det var ikkje råd å halda det opp mot vinden, så vi gav opp og lét oss driva.

16. Då vi kom i livd av ei lita øy som heiter Kauda, var det så vidt vi greidde å berga skipsbåten.

17. Etter at dei hadde fått han om bord, tok dei i bruk naudutstyret og surra skipet med tau. No var dei redde at dei kunne driva av mot Syrtebankane. Difor senka dei råa, og slik fór dei vidare.

18. Men stormen rasa framleis, og dagen etter tok dei til å hiva lasta på sjøen.

19. Tredje dagen kasta dei med eigne hender skipsutstyret over bord.

20. På mange dagar hadde korkje sol eller stjerner vore å sjå, og då det harde uvêret heldt fram, var til slutt alt håp om berging ute.

21. No hadde dei ikkje fått mat i seg på lenge, og Paulus gjekk bort til dei og sa: «Gode menn, de skulle ha høyrt på meg og ikkje lagt ut frå Kreta, så hadde de vore sparte både for ulukka og tapet.

22. Men no bed eg dykk vera ved godt mot. Ikkje eitt liv skal gå tapt, berre skipet.

23. For i natt stod det framfor meg ein engel frå den Gud som eg tilhøyrer og tener,

24. og han sa: ‘Ver ikkje redd, Paulus! Du skal stiga fram for keisaren. Og alle dei som er med deg på skipet, har Gud gjeve deg.’

25. Så ver då ved godt mot! Eg har den tru til Gud at det kjem til å gå som det er sagt meg.

26. Vi kjem til å stranda på ei eller anna øy.»

27. Då vi hadde segla på Adriahavet i fjorten dagar, fekk sjømennene landkjenning midt på natta.

28. Dei lodda og fann tjue famnar. Litt etter lodda dei att og fann femten famnar.

29. Då vart dei redde vi kunne bli knuste mot klippene. Difor kasta dei fire anker ut frå bakstamnen og ønskte berre at dagen måtte koma.

30. Sjømennene freista å rømma frå skipet. Dei sette skipsbåten på vatnet medan dei gjorde som om dei ville setja anker frå baugen.

31. Men Paulus sa til offiseren og soldatane: «Blir ikkje desse mennene verande om bord, kan ikkje de bergast.»

32. Då kappa soldatane taua som heldt skipsbåten, og lét han driva av.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 27