Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 27:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då det var avgjort at vi skulle segla til Italia, gav dei Paulus og nokre andre fangar over til ein offiser med namnet Julius frå Den keisarlege hæravdelinga.

2. Vi gjekk om bord i eit skip frå Adramyttium som skulle til hamnene i Asia, og la så ut. Saman med oss var makedonaren Aristarkos frå Tessalonika.

3. Dagen etter la vi til land i Sidon. Julius var venleg mot Paulus og gav han lov til å vitja venene sine og nyta godt av deira omsorg.

4. Vi sette til havs att og segla i le av Kypros, fordi vinden bar imot.

5. Så segla vi over havstykket utanfor Kilikia og Pamfylia og kom til Myra i Lykia.

6. Der fann offiseren eit skip frå Aleksandria som skulle til Italia, og han sette oss om bord i det.

7. I mange dagar gjekk det smått framover, og vi greidde så vidt å koma på høgd med Knidos. Då vi ikkje kunne koma lenger for vinden, heldt vi sør, i le av Kreta ved Salmone-neset.

8. Det greidde vi så vidt å segla rundt og kom til ein stad som dei kallar «Gode hamner», ikkje langt frå ein by som heiter Lasea.

9. No hadde det gått lang tid, og det var ikkje lenger trygt å ferdast på sjøen, for det leid alt over fastedagen. Difor åtvara Paulus dei

10. og sa: «Eg ser at vi kan koma til å mista ikkje berre skip og last, men livet med, om vi fer lenger.»

11. Men offiseren trudde meir på kapteinen og skipsreiaren enn på det Paulus sa.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 27