Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 26:20-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Tvert om har eg forkynt, først i Damaskus og Jerusalem, sidan i heile Judea og for heidningfolka, at dei må skifta sinn og venda om til Gud og gjera gjerningar som svarar til omvendinga.

21. Difor var det at nokre jødar greip meg i tempelet og ville drepa meg.

22. Men til denne dag har Gud hjelpt meg, og no står eg her og vitnar for høg og låg, og eg seier ikkje anna enn det som profetane og Moses sa skulle henda:

23. at Messias skulle lida, at han skulle vera den første som stod opp frå dei døde, og at han sidan skulle forkynna lyset både for vårt folk og for heidningfolka.»

24. Då han kom til desse orda i forsvarstalen, ropa Festus høgt: «Du er frå sans og samling, Paulus! Den store lærdomen din fører deg frå forstanden.»

25. Men Paulus svara: «Eg er ikkje frå forstanden, vørde Festus. Alt det eg seier, er sant og vel gjennomtenkt.

26. Kongen kjenner til desse tinga; difor talar eg så frimodig til han. Eg kan ikkje tru at noko av dette er ukjent for han. Det har då ikkje gått føre seg i ein avkrok.

27. Trur du profetane, kong Agrippa? Eg veit at du trur.»

28. Då sa Agrippa til Paulus: «Det er like før du får overtala meg til å bli ein kristen.»

29. Paulus svara: «Like før eller lenge att, det er mitt ønske til Gud at både du og alle som høyrer meg i dag, må bli som eg, men utan desse lenkjene.»

30. Så reiste kongen seg saman med landshovdingen og Berenike og dei andre som sat der.

31. Då dei hadde trekt seg tilbake, tala dei med kvarandre og sa: «Den mannen gjer ikkje noko som han fortener dødsstraff eller fengsel for.»

32. Og Agrippa sa til Festus: «Han kunne ha vorte sett fri om han ikkje hadde anka til keisaren.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 26