Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 25:20-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Eg visste ikkje korleis eg skulle greia ut denne saka, og spurde om han kunne tenkja seg å fara til Jerusalem og få dom der.

21. Men Paulus anka og ville sitja i varetekt til den høge keisaren kunne avgjera saka. Difor baud eg at han skulle bli sitjande til eg får sendt han til keisaren.»

22. «Den mannen har eg òg hug til å høyra», sa Agrippa. «I morgon skal du få høyra han», svara Festus.

23. Dagen etter kom Agrippa og Berenike i full stas og steig inn i audienssalen saman med dei øvste offiserane og dei fremste mennene i byen. På ordre frå Festus vart Paulus ført inn.

24. Så tok Festus ordet og sa: «Kong Agrippa og alle de som er samla her! Her ser de den mannen som har fått heile jødefolket til å venda seg til meg, både i Jerusalem og her. Dei ropar og krev at han ikkje skal få leva lenger.

25. Eg skjøna at han ikkje hadde gjort noko som fortener dødsstraff. Men då han anka til den høge keisaren, sette eg meg føre å senda han dit.

26. No har eg ikkje noko påliteleg å skriva til majesteten. Difor fører eg han fram for dykk, først og fremst for deg, kong Agrippa, så eg etter forhøyret kan vita kva eg skal skriva.

27. For eg finn det meiningslaust å senda ein fange av stad utan å gjera greie for skuldinga mot han.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 25