Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 24:2-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Paulus vart henta, og Tertullus tok til med skuldinga:«Takka vere deg, vørde Feliks, er det ro og fred alle stader, og dette folket har fått betre kår på grunn av ditt kloke styre.

3. I djup takksemd tek vi imot dette, alltid og alle stader.

4. Men for å ikkje hefta deg lenge bed eg om at du, velvillig som du er, vil høyra på oss ei lita stund.

5. Det har vist seg at denne mannen er ein rein pest. Han skaper uro mellom alle jødar i heile verda og er førar for nasarearsekta.

6. Han har til og med freista å vanhelga tempelet, og det var der vi greip han. {{Vi ville dømma han etter lova vår,

7. men då kom kommandanten Lysias til, tok han med vald og makt ut av hendene våre og førte han bort.

8. Dei som klaga på han, fekk høyra at dei skulle gå til deg.}} No kan du sjølv forhøyra han om alt dette, så får du greie på kva det er vi klagar han for.»

9. Jødane støtta han og sa at såleis var det.

10. Då gav landshovdingen eit teikn til Paulus, som tok ordet og sa:«Eg veit at du har vore dommar for dette folket i mange år. Difor er det med frimod eg forsvarar meg.

11. Du kan lett få stadfest at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg reiste opp til Jerusalem for å tilbe.

12. Og ingen har sett meg diskutera med nokon eller eggja opp folk, verken i tempelet eller i synagogane eller nokon annan stad i byen.

13. Dei kan heller ikkje prova det dei no klagar meg for.

14. Men det vedgår eg: Eg dyrkar våre fedrars Gud gjennom å følgja Vegen, som dei kallar ei sektlære. For eg trur alt det som er skrive i lova og profetane,

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 24