Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 24:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Fem dagar etter kom øvstepresten Ananias dit saman med nokre av dei eldste og ein sakførar som heitte Tertullus. Dei skulle leggja skuldinga mot Paulus fram for landshovdingen.

2. Paulus vart henta, og Tertullus tok til med skuldinga:«Takka vere deg, vørde Feliks, er det ro og fred alle stader, og dette folket har fått betre kår på grunn av ditt kloke styre.

3. I djup takksemd tek vi imot dette, alltid og alle stader.

4. Men for å ikkje hefta deg lenge bed eg om at du, velvillig som du er, vil høyra på oss ei lita stund.

5. Det har vist seg at denne mannen er ein rein pest. Han skaper uro mellom alle jødar i heile verda og er førar for nasarearsekta.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 24