Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 23:17-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Då sende Paulus bod etter ein av offiserane og sa: «Før denne unge guten til kommandanten! Han har noko å fortelja.»

18. Offiseren tok han med seg til kommandanten og sa: «Fangen Paulus kalla på meg og bad meg føra denne unge guten til deg. Han har noko å seia deg.»

19. Kommandanten tok guten i handa, leidde han til sides og spurde: «Kva er det du har å fortelja meg?»

20. Han svara: «Jødane har avtala at dei i morgon skal be deg føra Paulus ned til Rådet. Dei skal lata som om dei vil granska saka hans nøyare.

21. Men du må ikkje la deg overtala! For meir enn førti av dei ligg og lurer på han. Dei har svore på at dei verken skal eta eller drikka før dei har drepe han. No held dei seg klare og ventar berre på ein lovnad frå deg.»

22. Kommandanten lét guten gå, men baud han strengt: «Fortel ikkje nokon at du har late meg få vita dette.»

23. Så kalla han til seg to av offiserane og sa: «Ta to hundre soldatar, saman med sytti ryttarar og to hundre lettvæpna menn, og lat dei halda seg ferdige til å fara til Cæsarea etter den tredje timen i natt!

24. Og sørg for ridedyr, så dei kan få Paulus trygt fram til landshovdingen Feliks.»

25. Så skreiv han dette brevet:

26. «Claudius Lysias helsar den vørde landshovdingen Feliks.

27. Denne mannen hadde jødane gripe, og dei heldt på å drepa han. Men eg kom med soldatane og fria han ut, for eg fekk vita at han var romersk borgar.

28. Sidan eg gjerne ville få greie på kva dei klaga han for, førte eg han fram for Rådet deira.

29. Eg fann då ut at skuldinga mot han gjaldt nokre spørsmål i lova deira, og at han ikkje var skulda for noko som han kunne dømmast til død eller fengsel for.

30. Men sidan eg har fått melding om at dei har planlagt eit overfall på mannen, sender eg han direkte til deg. Og eg har sagt frå til klagarane at dei får venda seg til deg i denne saka.»

31. Soldatane gjorde som dei hadde fått påbod om: Dei tok Paulus og førte han til Antipatris om natta.

32. Dagen etter vende dei attende til borga og lét ryttarane fara vidare med han.

33. Så snart dei kom til Cæsarea, lét dei landshovdingen få brevet og førte Paulus fram for han.

34. Han las brevet og spurde kva provins han var ifrå. Og då han fekk vita at det var Kilikia,

35. sa han: «Eg skal forhøyra deg når klagarane dine kjem.» Så baud han at Paulus skulle haldast i varetekt i slottsborga til Herodes.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 23