Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 23:1-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Paulus feste auga på Rådet og sa: «Brør, med godt samvit har eg til denne dag levd for Gud.»

2. «Slå han på munnen!» sa Ananias, øvstepresten, til dei som stod der.

3. Då sa Paulus til han: «Gud skal slå deg, din kalka vegg! Her sit du og skal dømma meg etter lova, og så byd du imot lova at dei skal slå meg.»

4. «Skjeller du ut Guds øvsteprest?» sa dei som stod der.

5. «Eg visste ikkje, brør, at han var øvsteprest», svara Paulus. «For det står skrive: Ein fyrste i folket ditt skal du ikkje forbanna.»

6. Sidan Paulus visste at somme av dei som sat i Rådet, var saddukearar og somme farisearar, ropa han ut: «Brør, eg er farisear og son til farisearar. Og eg blir klaga fordi eg har den vona at dei døde skal stå opp.»

7. Ikkje før hadde han sagt det, så vart det strid mellom farisearar og saddukearar, og flokken delte seg.

8. For saddukearane seier at oppstoda ikkje finst, og heller ikkje englar og ånder, men farisearane trur på alt dette.

9. No vart det roping og skriking, og nokre av dei skriftlærde av farisearane reiste seg og sa sterkt imot: «Vi finn ikkje noko gale hos denne mannen. Tenk om det var ei ånd eller ein engel som tala til han?»

10. Striden vart så hard at kommandanten var redd dei kunne slita Paulus sund. Difor baud han soldatane gå ned og riva Paulus frå dei og føra han inn i borga.

11. Natta etter stod Herren framfor han og sa: «Ver frimodig! Som du har vitna om meg i Jerusalem, må du òg vitna i Roma.»

12. Då det vart dag, slo jødane seg saman og svor på at dei verken skulle eta eller drikka før dei hadde drepe Paulus.

13. Meir enn førti mann var med i denne samansverjinga.

14. Dei gjekk til overprestane og dei eldste og sa: «Vi har svore på at vi ikkje skal smaka mat før vi har drepe Paulus.

15. Gå no saman med Rådet og send ei melding til kommandanten. Be han føra Paulus ned til dykk. Lat som om de vil granska saka hans nøyare. Så står vi ferdige til å drepa han før han kjem fram.»

16. Men systerson til Paulus fekk høyra om dette bakhaldet, og han gjekk opp i borga og fortalde det til Paulus.

17. Då sende Paulus bod etter ein av offiserane og sa: «Før denne unge guten til kommandanten! Han har noko å fortelja.»

18. Offiseren tok han med seg til kommandanten og sa: «Fangen Paulus kalla på meg og bad meg føra denne unge guten til deg. Han har noko å seia deg.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 23