Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 22:14-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Då sa Ananias: ‘Våre fedrars Gud har valt deg ut til å kjenna hans vilje og sjå Den rettferdige og høyra røysta frå hans munn.

15. For du skal vera hans vitne for alle menneske om det du har sett og høyrt.

16. Så kvifor nøler du no? Kom og lat deg døypa og få syndene dine vaska av, medan du kallar på hans namn!’

17. Sidan, då eg var komen tilbake til Jerusalem og bad i tempelet, kom eg i ekstase.

18. Eg såg Herren, og han sa til meg: ‘Skund deg! Far bort frå Jerusalem så fort du kan! For dei kjem ikkje til å ta imot vitnemålet ditt om meg.’

19. ‘Herre’, svara eg, ‘dei veit sjølve at eg rundt om i synagogane fekk kasta dei som trudde på deg, i fengsel og lét dei bli piska.

20. Og då blodet til Stefanus rann, han som var vitnet ditt, stod eg òg der. Eg var samd med dei som drap han, og tok vare på kappene deira.’

21. Då sa Herren til meg: ‘Ta i veg! Eg vil senda deg til heidningfolk langt borte.’»

22. Så lenge lydde dei på han. Men då dei høyrde dette ordet, sette dei i å ropa: «Drep han! Ein slik mann burde ikkje få leva på jorda!»

23. Og dei skreik og veiva med kappene sine og kasta støv opp i lufta.

24. Då lét kommandanten Paulus bli ført inn i borga og baud at han skulle forhøyrast med piskeslag, så han kunne få vita kvifor dei hadde ropa slik imot han.

25. Men då dei hadde bunde Paulus og skulle til å piska han, sa Paulus til offiseren som stod der: «Har de lov til å piska ein romersk borgar, og det utan dom?»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 22