Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 21:8-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Dagen etter drog vi derifrå og kom til Cæsarea. Der tok vi inn hos evangelisten Filip, ein av dei sju, og vart buande hos han.

9. Han hadde fire ugifte døtrer som hadde profetgåve.

10. Som vi no vart verande der nokre dagar, kom det ned frå Judea ein profet som heitte Agabos.

11. Han kom til oss, tok beltet til Paulus, batt hendene og føtene sine med det og sa: «Så seier Den heilage ande: Den mannen som eig dette beltet, skal jødane i Jerusalem binda slik og gje i hendene på heidningane.»

12. Då vi høyrde det, bad vi Paulus, både vi og dei som budde der, at han ikkje måtte dra opp til Jerusalem.

13. Men Paulus svara: «Kvifor græt de og gjer meg tung om hjartet? Eg er klar, ikkje berre til å la meg binda, men òg til å døy i Jerusalem for Herren Jesu namn.»

14. Og sidan han ikkje lét seg overtala, roa vi oss og sa: «Lat Herrens vilje råda!»

15. Etter desse dagane gjorde vi oss ferdige og drog opp til Jerusalem.

16. Nokre av læresveinane i Cæsarea slo lag med oss og følgde oss til Mnason frå Kypros, ein av dei aller første læresveinane. Hos han skulle vi bu.

17. Vi kom til Jerusalem, og syskena der tok imot oss med glede.

18. Dagen etter gjekk Paulus saman med oss til Jakob, der alle dei eldste var samla.

19. Han helsa på dei og fortalde nøye om det Gud hadde gjort mellom heidningane gjennom hans teneste.

20. Då dei høyrde det, lova dei Gud. Så sa dei til han: «Du veit, bror, at mange tusen jødar er komne til tru, og alle brenn dei for lova.

21. Men no har dei høyrt om deg at du lærer alle jødar som bur mellom heidningane, å venda seg frå Moses, og at du seier at dei ikkje skal omskjera borna sine og ikkje leva etter dei gamle skikkane.

22. Kva skal vi gjera? Alle kjem til å få høyra at du er komen.

23. Gjer no det vi seier deg. Her er fire menn som har bunde seg med ein lovnad.

24. Ta dei med deg og lat deg reinsa saman med dei. Og ber så kostnaden med dette, slik at dei kan raka hovudet. Då skjønar alle at det ikkje er noko i det dei har høyrt om deg, men at du òg lever slik at du held lova.

25. Når det gjeld dei heidningkristne, har vi skrive til dei og sagt at dei skal halda seg frå kjøt som er ofra til avgudar, frå blod, frå kjøt av kvelte dyr og frå hor.»

26. Dagen etter tok Paulus mennene med seg og lét seg reinsa saman med dei. Sidan gjekk han opp i tempelet og sa ifrå når reinsingsdagane var omme og offeret skulle berast fram for kvar av dei.

27. Då det leid mot slutten av dei sju dagane, fekk jødane frå Asia sjå han på tempelplassen. Dei øste opp heile folkehopen, la hand på han

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 21