Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 21:5-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Då dagane våre der var til ende, heldt vi fram på reisa. Alle følgde oss ut av byen, med koner og born. På stranda bøygde vi kne og bad

6. før vi sa farvel til kvarandre. Vi gjekk om bord i skipet, og dei vende heim att.

7. Så fór vi frå Tyros til Ptolemais og hadde då fullført sjøferda. Vi helsa på syskena der og var ein dag hos dei.

8. Dagen etter drog vi derifrå og kom til Cæsarea. Der tok vi inn hos evangelisten Filip, ein av dei sju, og vart buande hos han.

9. Han hadde fire ugifte døtrer som hadde profetgåve.

10. Som vi no vart verande der nokre dagar, kom det ned frå Judea ein profet som heitte Agabos.

11. Han kom til oss, tok beltet til Paulus, batt hendene og føtene sine med det og sa: «Så seier Den heilage ande: Den mannen som eig dette beltet, skal jødane i Jerusalem binda slik og gje i hendene på heidningane.»

12. Då vi høyrde det, bad vi Paulus, både vi og dei som budde der, at han ikkje måtte dra opp til Jerusalem.

13. Men Paulus svara: «Kvifor græt de og gjer meg tung om hjartet? Eg er klar, ikkje berre til å la meg binda, men òg til å døy i Jerusalem for Herren Jesu namn.»

14. Og sidan han ikkje lét seg overtala, roa vi oss og sa: «Lat Herrens vilje råda!»

15. Etter desse dagane gjorde vi oss ferdige og drog opp til Jerusalem.

16. Nokre av læresveinane i Cæsarea slo lag med oss og følgde oss til Mnason frå Kypros, ein av dei aller første læresveinane. Hos han skulle vi bu.

17. Vi kom til Jerusalem, og syskena der tok imot oss med glede.

18. Dagen etter gjekk Paulus saman med oss til Jakob, der alle dei eldste var samla.

19. Han helsa på dei og fortalde nøye om det Gud hadde gjort mellom heidningane gjennom hans teneste.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 21