Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 21:34-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

34. Men i folkehopen ropa somme eitt og somme noko anna, og då det var slikt ståk at han ikkje kunne få skikkeleg greie på noko som helst, baud han at Paulus skulle førast inn i borga.

35. Då dei kom til trappa, trengde hopen så hardt på at soldatane måtte bera han,

36. for heile folkemengda følgde etter og skreik: «Bort med han!»

37. Då dei skulle til å gå inn i borga, sa Paulus til kommandanten: «Får eg lov til å seia deg noko?» Han svara: «Kan du gresk?

38. Så er du då ikkje den egyptaren som for ei tid sidan gjorde opprør og førte dei fire tusen knivmennene ut i øydemarka?»

39. «Eg er jøde», sa Paulus, «og borgar av Tarsos, ein ikkje ukjend by i Kilikia. Eg bed deg: Lat meg få tala til folket!»

40. Det fekk han lov til, og Paulus steig fram på trappa og gav teikn til folket med handa. Då det vart heilt stilt, tala han til dei på hebraisk:

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 21