Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 21:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då vi hadde rive oss laus frå dei, la vi frå land og segla beint til Kos, dagen etter til Rodos og derifrå til Patara.

2. Der fann vi eit skip som skulle over til Fønikia. Vi gjekk om bord og la ut att.

3. Då vi fekk Kypros i syne, heldt vi til høgre for øya og segla mot Syria. I Tyros la vi til land, for skipet skulle lossa.

4. Vi leita opp læresveinane og vart verande der i sju dagar. Drivne av Anden sa dei til Paulus at han ikkje måtte dra opp til Jerusalem.

5. Då dagane våre der var til ende, heldt vi fram på reisa. Alle følgde oss ut av byen, med koner og born. På stranda bøygde vi kne og bad

6. før vi sa farvel til kvarandre. Vi gjekk om bord i skipet, og dei vende heim att.

7. Så fór vi frå Tyros til Ptolemais og hadde då fullført sjøferda. Vi helsa på syskena der og var ein dag hos dei.

8. Dagen etter drog vi derifrå og kom til Cæsarea. Der tok vi inn hos evangelisten Filip, ein av dei sju, og vart buande hos han.

9. Han hadde fire ugifte døtrer som hadde profetgåve.

10. Som vi no vart verande der nokre dagar, kom det ned frå Judea ein profet som heitte Agabos.

11. Han kom til oss, tok beltet til Paulus, batt hendene og føtene sine med det og sa: «Så seier Den heilage ande: Den mannen som eig dette beltet, skal jødane i Jerusalem binda slik og gje i hendene på heidningane.»

12. Då vi høyrde det, bad vi Paulus, både vi og dei som budde der, at han ikkje måtte dra opp til Jerusalem.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 21