Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 20:26-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Difor vitnar eg for dykk på denne dagen at eg er utan skuld om nokon taper sitt liv,

27. for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds plan og vilje.

28. Ta vare på dykk sjølve og på heile den flokken som Den heilage ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds forsamling, som han vann med sitt eige blod.

29. For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar som ikkje sparer flokken.

30. Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med falsk lære og vil lokka læresveinane med seg.

31. Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, med tårer i auga, ikkje heldt opp med å rettleia kvar einaste ein.

32. Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som har kraft til å byggja opp og gje dykk arv saman med alle dei som er helga.

33. Eg har aldri trakta etter sølv eller gull eller klede frå noko menneske.

34. De veit sjølve at desse hendene har sørgt for det vi trong, både eg og dei som var med meg.

35. Alltid har eg vist dykk at vi må arbeida slik, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: ‘Det er sælare å gje enn å få.’»

36. Då han hadde sagt dette, bøygde han kne saman med dei alle og bad.

37. Då brast dei alle i gråt, og dei fall Paulus om halsen og kyste han.

38. Det som gav dei mest sorg, var det han hadde sagt om at dei aldri meir skulle sjå han att. Så følgde dei han til skipet.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 20