Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 20:20-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. De veit at eg ikkje har halde att noko av det som kunne gagna dykk, men eg har forkynt for dykk og undervist dykk både ute blant folket og i heimane.

21. Eg har vitna for både jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus.

22. Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje.

23. Eg veit berre at Den heilage ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lenkjer og forfølging.

24. Men for meg er ikkje liv eller død verdt å snakka om, berre eg kan fullføra løpet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde.

25. Og no veit eg at de aldri meir skal sjå andletet mitt, alle de som eg har vore saman med og forkynt Riket for.

26. Difor vitnar eg for dykk på denne dagen at eg er utan skuld om nokon taper sitt liv,

27. for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds plan og vilje.

28. Ta vare på dykk sjølve og på heile den flokken som Den heilage ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds forsamling, som han vann med sitt eige blod.

29. For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar som ikkje sparer flokken.

30. Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med falsk lære og vil lokka læresveinane med seg.

31. Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, med tårer i auga, ikkje heldt opp med å rettleia kvar einaste ein.

32. Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som har kraft til å byggja opp og gje dykk arv saman med alle dei som er helga.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 20