Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 20:10-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Men Paulus gjekk ned, bøygde seg over han, slo armane kring han og sa: «Ver ikkje redde! Det er liv i han.»

11. Så gjekk han opp att, braut brødet og åt, og tala endå lenge, heilt til det lysna. Då drog han av stad.

12. Dei leidde guten heim i live, og det var til useieleg trøyst for dei.

13. Vi gjekk i førevegen om bord i skipet og segla til Assos. Paulus hadde sagt frå at vi skulle ta han med der, for sjølv ville han gå til fots.

14. Då han møtte oss i Assos, tok vi han om bord og fór så til Mityléne.

15. Dagen etter segla vi derifrå og kom på høgd med Kios. Andre dagen heldt vi fram til Samos, og dagen deretter nådde vi Miletos.

16. For Paulus hadde sett seg føre å segla utanom Efesos, så han ikkje skulle bli hefta i Asia. Han skunda på for å nå fram til Jerusalem til pinsedagen, om det var råd.

17. Frå Miletos sende han bod til Efesos og kalla til seg dei eldste i forsamlinga.

18. Og då dei kom, tala han til dei:«De veit korleis eg har levd all den tid eg har vore saman med dykk, frå den første dagen eg sette foten i Asia.

19. Eg har tent Herren audmjukt og med tårer i alle dei prøvingar som jødane har ført over meg med dei vonde planane sine.

20. De veit at eg ikkje har halde att noko av det som kunne gagna dykk, men eg har forkynt for dykk og undervist dykk både ute blant folket og i heimane.

21. Eg har vitna for både jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus.

22. Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje.

23. Eg veit berre at Den heilage ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lenkjer og forfølging.

24. Men for meg er ikkje liv eller død verdt å snakka om, berre eg kan fullføra løpet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde.

25. Og no veit eg at de aldri meir skal sjå andletet mitt, alle de som eg har vore saman med og forkynt Riket for.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 20