Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 20:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då ståket hadde stilna, sende Paulus bod etter læresveinane og sette mot i dei. Så bad han farvel og tok ut for å dra til Makedonia.

2. På reisa gjennom desse bygdene tala han mykje og sette mot i dei òg. Han kom til Hellas,

3. og der vart han verande i tre månader. Då han skulle segla derifrå og til Syria, fekk jødane til ei samansverjing mot han. Difor sette han seg føre å venda attende gjennom Makedonia.

4. Saman med han på ferda var Sopatros frå Berøa, son til Pyrros, Aristarkos og Sekundus frå Tessalonika, Gaius frå Derbe, Timoteus, og frå Asia Tykikos og Trofimos.

5. Desse fór føre og venta på oss i Troas.

6. Vi andre segla ut frå Filippi straks etter høgtida med usyra brød, og fem dagar etter møtte vi dei i Troas. Der vart vi verande ei veke.

7. Første dagen i veka var vi samla for å bryta brødet. Paulus tala til dei, og han heldt på heilt til midnatt, sidan han skulle reisa dagen etter.

8. Det var mange lamper i den salen ovanpå der vi var samla.

9. Ein ung gut som heitte Evtykos, sat i vindauget. Då Paulus tala så lenge, fall han i djup søvn og datt ut gjennom vindauget frå tredje høgda. Han var død då dei tok han opp.

10. Men Paulus gjekk ned, bøygde seg over han, slo armane kring han og sa: «Ver ikkje redde! Det er liv i han.»

11. Så gjekk han opp att, braut brødet og åt, og tala endå lenge, heilt til det lysna. Då drog han av stad.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 20