Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 2:5-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen.

6. Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor folkemengd, og det vart stor forvirring, for kvar og ein høyrde at det vart tala på hans eige morsmål.

7. Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar?

8. Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål?

9. Vi er partarar og medarar og elamittar, folk som bur i Mesopotamia, Judea og Kappadokia, i Pontos og Asia,

10. Frygia og Pamfylia, i Egypt og i områda ved Kyréne i Libya, vi er innflyttarar frå Roma,

11. jødar og proselyttar, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!»

12. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 2