Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 2:38-47 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

38. Peter svara: «Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene, og de skal få Den heilage andens gåve.

39. For lovnaden gjeld dykk og borna dykkar og alle som er langt borte, så mange som Herren vår Gud kallar på.»

40. Også med mange andre ord vitna han for dei og formana dei: «Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde slekta.»

41. Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart det lagt til om lag tre tusen menneske.

42. Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene.

43. Kvar og ein vart gripen av ærefrykt, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde.

44. Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag.

45. Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det.

46. Med eitt sinn samla dei seg kvar dag på tempelplassen, og i heimane braut dei brødet og åt i lag med ekte og inderleg glede.

47. Dei song og lova Gud og var godt lika av alt folket. Og kvar dag la Herren til nye som lét seg frelsa.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 2