Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 2:3-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei.

4. Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.

5. I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen.

6. Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor folkemengd, og det vart stor forvirring, for kvar og ein høyrde at det vart tala på hans eige morsmål.

7. Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar?

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 2