Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 2:28-45 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

28. Du har lært meg å kjenna livsens vegar. Du skal fylla meg med glede for ditt andlet.

29. Brør, lat meg tala ope og rett fram til dykk om David, stamfaren vår. Han døydde og vart gravlagd, og grava hans er hos oss den dag i dag.

30. Men han var ein profet og visste at Gud med eid hadde lova å setja hans livsfrukt på trona hans.

31. Difor såg han inn i framtida og tala om at Messias skulle stå opp. Det var han som ikkje skulle bli verande i dødsriket, og det var kroppen hans som ikkje skulle sjå forròtning.

32. Denne Jesus var det Gud reiste opp, det er vi alle vitne om.

33. Han vart opphøgd til Guds høgre hand og fekk av Far sin Den heilage ande som var lova, og den har han no aust ut. Det er dette de ser og høyrer.

34. For David fór ikkje opp til himmelen, men han seier: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand

35. til eg får lagt dine fiendar som skammel for dine føter.

36. Så skal heile Israelsfolket vita for visst: Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort til både Herre og Messias.»

37. Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjartet, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: «Kva skal vi gjera, brør?»

38. Peter svara: «Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene, og de skal få Den heilage andens gåve.

39. For lovnaden gjeld dykk og borna dykkar og alle som er langt borte, så mange som Herren vår Gud kallar på.»

40. Også med mange andre ord vitna han for dei og formana dei: «Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde slekta.»

41. Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart det lagt til om lag tre tusen menneske.

42. Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene.

43. Kvar og ein vart gripen av ærefrykt, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde.

44. Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag.

45. Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 2