Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 2:10-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Frygia og Pamfylia, i Egypt og i områda ved Kyréne i Libya, vi er innflyttarar frå Roma,

11. jødar og proselyttar, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!»

12. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?»

13. Men nokre gjorde narr av dei og sa: «Dei har drukke seg fulle på søt vin.»

14. Då steig Peter fram saman med dei elleve. Med sterk røyst tala han til dei:«Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Merk dykk kva eg seier. Ja, lyd vel til orda mine!

15. Desse menneska er ikkje fulle, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen.

16. Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel:

17. I dei siste dagar skal det henda, seier Gud, at eg auser ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar skal profetera, dei unge skal sjå syn, og dei gamle skal drøyma draumar.

18. Sjølv over slavane og slavekvinnene mine vil eg ausa ut min Ande i dei dagane,og dei skal tala profetord.

19. Eg set varsel oppe på himmelen og teikn nede på jorda, blod og eld og røykskyer.

20. Sola skal bli omskapt til mørker og månen til blod før Herrens dag kjem, den store og strålande.

21. Men kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst.

22. Israelittar, høyr desse orda! Jesus frå Nasaret var ein mann som Gud peika ut for dykk med mektige gjerningar og under og teikn som Gud lét han gjera blant dykk. Dette kjenner de sjølve til.

23. Han vart utlevert til dykk, slik Gud på førehand fastsette og kjende til, og ved hjelp av hendene til lovlause nagla de han til krossen og drap han.

24. Men Gud reiste han opp att og løyste han frå dødsriene. Døden var ikkje sterk nok til å halda på han.

25. For David seier om han: Alltid har eg Herren for auga, han er ved mi høgre side, eg skal ikkje vakla.

26. Difor var det glede i mitt hjarte og jubel på mi tunge, ja, sjølv kroppen skal slå seg til ro med von.

27. Du skal ikkje la mi sjel bli verande i dødsriket. Du skal ikkje la din heilage sjå forròtning.

28. Du har lært meg å kjenna livsens vegar. Du skal fylla meg med glede for ditt andlet.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 2