Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 19:32-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Forsamlinga var no i fullt opprør. Somme skreik éin ting, andre noko anna, og dei fleste visste ikkje eingong kvifor dei hadde kome saman.

33. Då skuva jødane fram ein mann som heitte Aleksander, og nokre i flokken sette han inn i saka. Aleksander gjorde teikn med handa og ville halda ein forsvarstale til folket.

34. Men då dei skjøna at han var jøde, skreik dei alle i kor i to samfulle timar: «Stor er efesargudinna Artemis!»

35. Men byskrivaren roa folkehopen og sa: «Efesarar, finst det noko menneske som ikkje veit at efesarbyen er sett til vaktar for tempelet til den store Artemis og steinen som har falle ned frå himmelen?

36. Dette kan ingen nekta, og difor bør de no vera rolege og ikkje fara for brått fram.

37. No har de ført hit desse mennene som verken er tempelranarar eller har spotta gudinna vår.

38. Vil Demetrios og handverkarane hans reisa sak mot nokon, så har vi dei vanlege rettsmøta, og vi har våre guvernørar. Partane kan stemna kvarandre for retten.

39. Og har de noko anna å krevja, skal det bli avgjort på det lovlege folketinget.

40. Etter det som har hendt i dag, kan vi lett bli klaga for opprør. Og vi har ingen ting å visa til om nokon krev oss til rekneskap for dette oppstyret.» Med desse orda fekk han folkehopen til å skiljast.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 19