Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 19:3-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. «Kva dåp vart de då døypte med?» spurde han. «Med Johannes-dåpen», svara dei.

4. Då sa Paulus: «Johannes døypte med ein dåp til omvending. Han sa til folket at dei skulle tru på den som kom etter han, det er Jesus.»

5. Då dei høyrde det, lét dei seg døypa til Herren Jesu namn.

6. Og då Paulus la hendene på dei, kom Den heilage ande over dei. Dei tala i tunger, og dei tala profetisk.

7. Det var om lag tolv menn i alt.

8. Sidan gjekk han til synagogen, og der tala han med stort frimod i tre månader. Han samtala med folk og overtydde dei om det som høyrer Guds rike til.

9. Men det var nokre som gjorde seg harde og ikkje ville tru. Dei tala vondt om Vegen så alle høyrde på. Då braut Paulus med dei og tok læresveinane med. Sidan hadde han kvar dag samtalar i skulen til Tyrannos.

10. Dette heldt han fram med i to år, så alle som budde i Asia, både jødar og grekarar, fekk høyra Herrens ord.

11. Gud gjorde uvanlege under gjennom Paulus.

12. Det hende til og med at folk tok lommeplagg og arbeidsklede som han hadde brukt, og la på dei sjuke. Då sleppte sjukdomen taket, og dei vonde åndene fór ut.

13. Nokre jødar som reiste omkring og dreiv med åndemaning, freista òg å seia fram Herren Jesu namn over dei som hadde vonde ånder i seg, og sa: «Eg byd dykk ved den Jesus som Paulus forkynner.»

14. Skevas, ein jødisk overprest, hadde sju søner som dreiv på med dette.

15. Men den vonde ånda svara dei: «Jesus kjenner eg, og Paulus veit eg om. Men kven er de?»

16. Og mannen som hadde den vonde ånda i seg, flaug på dei, overmanna dei alle og skamfór dei, så dei måtte rømma ut or huset, nakne og såra.

17. Dette vart kjent for alle som budde i Efesos, både jødar og grekarar. Det kom redsle over dei alle, og Herren Jesu namn vart lovprisa.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 19