Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 19:2-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. og spurde dei: «Fekk de Den heilage ande då de kom til tru?» Dei svara: «Vi har ikkje eingong høyrt at det er nokon Heilag Ande.»

3. «Kva dåp vart de då døypte med?» spurde han. «Med Johannes-dåpen», svara dei.

4. Då sa Paulus: «Johannes døypte med ein dåp til omvending. Han sa til folket at dei skulle tru på den som kom etter han, det er Jesus.»

5. Då dei høyrde det, lét dei seg døypa til Herren Jesu namn.

6. Og då Paulus la hendene på dei, kom Den heilage ande over dei. Dei tala i tunger, og dei tala profetisk.

7. Det var om lag tolv menn i alt.

8. Sidan gjekk han til synagogen, og der tala han med stort frimod i tre månader. Han samtala med folk og overtydde dei om det som høyrer Guds rike til.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 19