Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 17:4-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Nokre av dei vart overtydde og gav seg i lag med Paulus og Silas. Det same gjorde ein stor flokk grekarar av dei som dyrka Gud, og ikkje få av dei fremste kvinnene.

5. Då vart jødane brennande harme, og dei fekk med seg nokre tvilsame karar av dei som gjekk og slong på torget, og laga eit oppløp som sette heile byen på ende. Dei storma mot huset til Jason og leita etter dei og ville føra dei ut til folket.

6. Men då dei ikkje fann dei, drog dei Jason og nokre av brørne med seg til styresmennene i byen og ropa: «No er dei komne hit òg, desse som har sett heile verda i opprør,

7. og Jason har teke imot dei! Dei gjer alle tvert imot påboda frå keisaren og seier at ein annan, ein som heiter Jesus, er konge.»

8. Då folket og styresmennene høyrde det, vart dei skremde,

9. og Jason og dei andre fekk ikkje gå før dei hadde gjeve ein pengesum i pant.

10. Så snart det vart natt, sende brørne Paulus og Silas av stad til Berøa. Då dei kom dit, gjekk dei bort i den jødiske synagogen.

11. Jødane der hadde eit edlare sinnelag enn dei i Tessalonika. Dei tok imot Ordet med all godvilje og granska dagleg skriftene og såg etter om alt stemde.

12. Mange av dei kom då til tru, og det same gjorde ein del framståande greske kvinner og mange greske menn.

13. Men då jødane i Tessalonika fekk høyra at Paulus forkynte Guds ord i Berøa òg, kom dei dit med og øste opp folk og skremde dei.

14. Då sende brørne Paulus av stad med ein gong; han skulle fara ned til kysten. Men Silas og Timoteus vart att.

15. Dei som følgde Paulus, førte han heilt til Aten og fór så heim att med bod til Silas og Timoteus at dei skulle koma til han så snart dei kunne.

16. Medan Paulus venta på dei i Aten, vart han opprørt då han såg at byen var overfylt med gudebilete.

17. I synagogen hadde han samtalar med jødane og med dei som dyrka Gud, og på torget tala han kvar dag med dei han møtte.

18. Nokre epikureiske og stoiske filosofar gav seg i ordskifte med han, og somme sa: «Kva kan han vel meina, denne pratmakaren?» Andre sa: «Han er visst ein som forkynner framande gudar.» Det var fordi han forkynte evangeliet om Jesus og oppstoda.

19. Så tok dei han med seg og førte han til Areopagos og sa: «Kan vi få vita kva slags ny lære du kjem med?

20. For det er underlege ting du lèt oss få høyra. Difor vil vi gjerne vita kva dette er for noko.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 17