Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 17:25-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. og lèt seg ikkje tena av menneskehender, som om han skulle trenga noko, han som gjev liv og ande, ja, alt til alle.

26. Av eitt menneske har han skapt alle folkeslag, han lét dei busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira.

27. Det gjorde han for at dei skulle søkja Gud, om det kunne lukkast for dei å leita seg fram til han og finna han. Han er då ikkje langt borte frå ein einaste ein av oss.

28. For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: ‘For vi er hans slekt.’

29. Er vi då Guds slekt, må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein som menneskekunst eller mennesketanke har forma.

30. Gud har bore over med dei tidene då folk var uvitande. Men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om.

31. For han har fastsett ein dag då han vil dømma verda med rettferd, og til det har han innsett ein mann. Det har han stadfest for alle med å reisa han opp frå dei døde.»

32. Men då dei høyrde om oppstoda frå dei døde, var det somme som spotta, men andre sa: «Vi høyrer deg gjerne tala meir om dette ein annan gong.»

33. Så gjekk Paulus frå dei.

34. Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei var Dionysios frå Areopagosrådet og ei kvinne som heitte Damaris, og nokre andre.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 17