Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 17:20-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. For det er underlege ting du lèt oss få høyra. Difor vil vi gjerne vita kva dette er for noko.»

21. For verken atenarane sjølve eller utlendingane som bur der, bruker tida si til anna enn å fortelja og spørja nytt.

22. Då steig Paulus fram for Areopagosrådet og sa:«Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse.

23. For då eg gjekk omkring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: ‘For ein ukjend Gud’. Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk.

24. Gud som har skapt verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender,

25. og lèt seg ikkje tena av menneskehender, som om han skulle trenga noko, han som gjev liv og ande, ja, alt til alle.

26. Av eitt menneske har han skapt alle folkeslag, han lét dei busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira.

27. Det gjorde han for at dei skulle søkja Gud, om det kunne lukkast for dei å leita seg fram til han og finna han. Han er då ikkje langt borte frå ein einaste ein av oss.

28. For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: ‘For vi er hans slekt.’

29. Er vi då Guds slekt, må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein som menneskekunst eller mennesketanke har forma.

30. Gud har bore over med dei tidene då folk var uvitande. Men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om.

31. For han har fastsett ein dag då han vil dømma verda med rettferd, og til det har han innsett ein mann. Det har han stadfest for alle med å reisa han opp frå dei døde.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 17