Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 17:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dei la vegen gjennom Amfipolis og Apollonia og kom til Tessalonika. Der hadde jødane ein synagoge.

2. Paulus gjekk dit, som han var van med. Tre sabbatsdagar hadde han samtalar med dei ut frå skriftene.

3. Han forklara og la ut for dei at Messias måtte lida og stå opp frå dei døde. Han sa: «Jesus, han som eg forkynner for dykk, han er Messias.»

4. Nokre av dei vart overtydde og gav seg i lag med Paulus og Silas. Det same gjorde ein stor flokk grekarar av dei som dyrka Gud, og ikkje få av dei fremste kvinnene.

5. Då vart jødane brennande harme, og dei fekk med seg nokre tvilsame karar av dei som gjekk og slong på torget, og laga eit oppløp som sette heile byen på ende. Dei storma mot huset til Jason og leita etter dei og ville føra dei ut til folket.

6. Men då dei ikkje fann dei, drog dei Jason og nokre av brørne med seg til styresmennene i byen og ropa: «No er dei komne hit òg, desse som har sett heile verda i opprør,

7. og Jason har teke imot dei! Dei gjer alle tvert imot påboda frå keisaren og seier at ein annan, ein som heiter Jesus, er konge.»

8. Då folket og styresmennene høyrde det, vart dei skremde,

9. og Jason og dei andre fekk ikkje gå før dei hadde gjeve ein pengesum i pant.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 17