Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 16:35-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

35. Då det vart dag, sende dommarane bod med rettstenarane: «Slepp desse mennene fri!»

36. Fangevaktaren melde det til Paulus og sa: «Dommarane har sendt bod om at de skal sleppast fri. Kom no ut og far bort i fred!»

37. Men Paulus sa til dei: «Endå vi er romerske borgarar, har dei utan lov og dom piska oss for auga på alle og kasta oss i fengsel. Og no vil dei jaga oss bort i løynd. Nei, dei får koma sjølve og føra oss ut!»

38. Rettstenarane bar dette svaret tilbake til dommarane, og då dei høyrde at dei var romerske borgarar, vart dei redde.

39. Dei kom og bad om orsaking og følgde dei ut og bad dei fara bort frå byen.

40. Då dei var komne ut av fengselet, gjekk dei heim til Lydia. Der møtte dei syskena og sette mot i dei. Så drog dei av stad.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 16