Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 16:23-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Dei fekk mange slag og vart sette i fengsel, og fangevaktaren fekk påbod om å vakta dei vel.

24. Då han hadde fått dette påbodet, sette han dei inn i det inste fangeholet og låste føtene deira fast i blokka.

25. Ved midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane høyrde på.

26. Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen til fengselet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lenkjene losna av alle fangane.

27. Fangevaktaren fór opp av søvnen, og då han såg at fengselsdørene stod opne, drog han sverdet og ville drepa seg, for han trudde fangane hadde rømt.

28. Men Paulus ropa med høg røyst: «Gjer deg ikkje noko vondt! Vi er her alle.»

29. Då bad han om lys og sprang inn og kasta seg skjelvande ned for Paulus og Silas.

30. Og han leidde dei ut og sa: «Gode herrar! Kva skal eg gjera så eg kan bli frelst?»

31. Dei svara: «Tru på Herren Jesus, så skal du bli frelst, både du og huslyden din.»

32. Så tala dei Herrens ord til han og alle i huset hans.

33. Og i denne seine nattetimen tok han dei med seg og vaska såra deira. Straks etter vart han døypt med alle sine.

34. Sidan tok han dei med seg heim og gav dei mat, og han var hjarteglad fordi han og heile husstanden hans var komne til tru på Gud.

35. Då det vart dag, sende dommarane bod med rettstenarane: «Slepp desse mennene fri!»

36. Fangevaktaren melde det til Paulus og sa: «Dommarane har sendt bod om at de skal sleppast fri. Kom no ut og far bort i fred!»

37. Men Paulus sa til dei: «Endå vi er romerske borgarar, har dei utan lov og dom piska oss for auga på alle og kasta oss i fengsel. Og no vil dei jaga oss bort i løynd. Nei, dei får koma sjølve og føra oss ut!»

38. Rettstenarane bar dette svaret tilbake til dommarane, og då dei høyrde at dei var romerske borgarar, vart dei redde.

39. Dei kom og bad om orsaking og følgde dei ut og bad dei fara bort frå byen.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 16