Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 16:16-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Ein dag vi var på veg til bønestaden, møtte vi ei slavekvinne som hadde ei spådomsånd i seg, og med spådomsord tente ho mange pengar til dei som eigde henne.

17. Ho følgde etter Paulus og oss andre og ropa: «Desse mennene er tenarar for Gud, Den høgste, og dei lærer dykk vegen til frelse.»

18. Dette heldt ho på med i mange dagar. Til slutt vart Paulus harm. Han snudde seg og sa til ånda: «Eg byd deg i Jesu Kristi namn: Far ut or henne!» Og ho fór ut i same stunda.

19. Men då eigarane skjøna at det ikkje var von om å tena meir pengar på henne, greip dei Paulus og Silas og drog dei med seg til styresmaktene på torget.

20. Dei førte dei fram for dei romerske dommarane i byen og sa: «Desse mennene skaper uro i byen vår. Dei er jødar

21. og lærer oss skikkar som vi ikkje har lov til å ta opp eller følgja, vi som er romerske borgarar.»

22. Folkehopen òg gjekk til åtak på dei. Dommarane reiv kleda av dei og baud at dei skulle piskast.

23. Dei fekk mange slag og vart sette i fengsel, og fangevaktaren fekk påbod om å vakta dei vel.

24. Då han hadde fått dette påbodet, sette han dei inn i det inste fangeholet og låste føtene deira fast i blokka.

25. Ved midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane høyrde på.

26. Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen til fengselet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lenkjene losna av alle fangane.

27. Fangevaktaren fór opp av søvnen, og då han såg at fengselsdørene stod opne, drog han sverdet og ville drepa seg, for han trudde fangane hadde rømt.

28. Men Paulus ropa med høg røyst: «Gjer deg ikkje noko vondt! Vi er her alle.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 16