Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 16:10-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Då han hadde hatt dette synet, prøvde vi straks å fara til Makedonia, for vi skjøna at Gud hadde kalla oss til å forkynna evangeliet der.

11. Vi la ut frå Troas og segla beint til Samotrake, og dagen etter kom vi til Neapolis.

12. Derifrå drog vi til Filippi, ein by som ligg i det første distriktet i Makedonia og er ein romersk koloni. Vi vart verande nokre dagar der i byen.

13. På sabbatsdagen gjekk vi utanfor byporten, bort til ei elv der vi meinte det var ein bønestad. Og vi sette oss og tala til dei kvinnene som var komne saman.

14. Der var det ei kvinne frå Tyatira som heitte Lydia og handla med purpurtøy. Ho var ei av dei som dyrka Gud. Ho høyrde på oss, og Herren opna hjartet hennar så ho tok til seg det Paulus sa.

15. Då ho og heile huslyden hennar var døypte, bad ho oss til seg og sa: «Så sant de held meg for ei kvinne som trur på Herren, så kom heim til meg og bli der.» Og ho overtala oss til det.

16. Ein dag vi var på veg til bønestaden, møtte vi ei slavekvinne som hadde ei spådomsånd i seg, og med spådomsord tente ho mange pengar til dei som eigde henne.

17. Ho følgde etter Paulus og oss andre og ropa: «Desse mennene er tenarar for Gud, Den høgste, og dei lærer dykk vegen til frelse.»

18. Dette heldt ho på med i mange dagar. Til slutt vart Paulus harm. Han snudde seg og sa til ånda: «Eg byd deg i Jesu Kristi namn: Far ut or henne!» Og ho fór ut i same stunda.

19. Men då eigarane skjøna at det ikkje var von om å tena meir pengar på henne, greip dei Paulus og Silas og drog dei med seg til styresmaktene på torget.

20. Dei førte dei fram for dei romerske dommarane i byen og sa: «Desse mennene skaper uro i byen vår. Dei er jødar

21. og lærer oss skikkar som vi ikkje har lov til å ta opp eller følgja, vi som er romerske borgarar.»

22. Folkehopen òg gjekk til åtak på dei. Dommarane reiv kleda av dei og baud at dei skulle piskast.

23. Dei fekk mange slag og vart sette i fengsel, og fangevaktaren fekk påbod om å vakta dei vel.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 16