Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 13:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I Antiokia, i forsamlinga som fanst der, var det nokre profetar og lærarar. Der var Barnabas og Simeon, som dei kalla Niger, Lukius frå Kyréne, Manaen, fosterbror til landsfyrsten Herodes, og Saulus.

2. Ein gong medan dei feira gudsteneste for Herren og fasta, sa Den heilage ande: «Ta no ut Barnabas og Saulus for meg til den gjerning eg har kalla dei til.»

3. Då heldt dei faste og bøn, la hendene på dei og lét dei fara.

4. Dei som såleis var utsende av Den heilage ande, drog først ned til Selevkia, og derifrå segla dei til Kypros.

5. Då dei var komne til Salamis, forkynte dei Guds ord i dei jødiske synagogane. Dei hadde Johannes som medhjelpar.

6. Dei reiste over heile øya og kom til Pafos. Der støytte dei på ein jødisk trollmann, ein falsk profet som heitte Barjesus.

7. Han heldt til hos guvernøren Sergius Paulus, som var ein forstandig mann. Han bad Barnabas og Saulus til seg og ville høyra Guds ord.

8. Men Elymas – trollmannen, som namnet hans tyder – stod dei imot og freista å få guvernøren bort frå trua.

9. Då vart Saulus, som òg heitte Paulus, fylt av Den heilage ande. Han såg trollmannen i auga

10. og sa: «Du djevelens son, full av allslags svik og vondskap og fiende av all rettferd! Skal du aldri halda opp med å gjera Herrens beine vegar krokete?

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 13