Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 12:9-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Peter følgde han ut. Men han skjøna ikkje at det engelen gjorde, var verkeleg; han trudde det var eit syn.

10. Dei gjekk framom den første og den andre vakta og kom så til den jernporten som fører ut til byen. Porten opna seg av seg sjølv. Dei gjekk ut og heldt fram nedover den første gata. Der vart engelen brått borte for han.

11. Då Peter fekk sansa seg, sa han: «No veit eg for visst at Herren har sendt engelen sin og fria meg ut av hendene på Herodes og frå alt det som jødefolket går og ventar på.»

12. Så snart Peter vart klar over det, gjekk han til huset åt Maria, mor til Johannes med tilnamnet Markus. Der var mange samla og heldt bøn.

13. Han banka på porten, og ei tenestejente som heitte Rode, kom for å lata opp.

14. Ho kjende Peter att på røysta og vart så glad at ho gløymde å opna porten, men sprang inn og fortalde at Peter stod utanfor.

15. «Du er frå vitet!» sa dei. Men ho heldt på sitt. Då sa dei: «Det er engelen hans.»

16. Imedan heldt Peter på og banka. Så lét dei opp, og då dei fekk sjå han, vart dei frå seg av undring.

17. Han gjorde teikn med handa at dei skulle vera stille, og fortalde korleis Herren hadde ført han ut or fengselet. Så sa han: «Lat Jakob og brørne få vita dette.» Dermed gjekk han ut og drog til ein annan stad.

18. Då det tok til å dagast, vart det ikkje lite oppstyr mellom soldatane: Kva hadde hendt med Peter?

19. Herodes leita etter han, men fann han ikkje. Så tok han vaktmennene i forhøyr og baud at dei skulle førast bort og avrettast. Deretter fór han frå Judea ned til Cæsarea og vart verande der.

20. Det hadde lenge vore fiendskap mellom Herodes og innbyggjarane i Tyros og Sidon. No vart folket der samde om å venda seg til han. Då dei hadde fått Blastos, kammerherren hos kongen, på si side, bad dei om fred, for landet deira var avhengig av forsyningar frå landområdet til kongen.

21. På den fastsette dagen kledde Herodes seg i kongeleg skrud, sette seg på kongetribunen og tala til folket.

22. Og folket hylla han og ropa: «Her er det ein gud som talar, ikkje eit menneske!»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 12