Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 12:21-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. På den fastsette dagen kledde Herodes seg i kongeleg skrud, sette seg på kongetribunen og tala til folket.

22. Og folket hylla han og ropa: «Her er det ein gud som talar, ikkje eit menneske!»

23. Med det same vart han slegen av ein engel frå Herren, fordi han ikkje gav Gud æra. Han vart oppeten av makk og døydde.

24. Men Guds ord breidde seg ut og hadde framgang.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 12