Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 12:14-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Ho kjende Peter att på røysta og vart så glad at ho gløymde å opna porten, men sprang inn og fortalde at Peter stod utanfor.

15. «Du er frå vitet!» sa dei. Men ho heldt på sitt. Då sa dei: «Det er engelen hans.»

16. Imedan heldt Peter på og banka. Så lét dei opp, og då dei fekk sjå han, vart dei frå seg av undring.

17. Han gjorde teikn med handa at dei skulle vera stille, og fortalde korleis Herren hadde ført han ut or fengselet. Så sa han: «Lat Jakob og brørne få vita dette.» Dermed gjekk han ut og drog til ein annan stad.

18. Då det tok til å dagast, vart det ikkje lite oppstyr mellom soldatane: Kva hadde hendt med Peter?

19. Herodes leita etter han, men fann han ikkje. Så tok han vaktmennene i forhøyr og baud at dei skulle førast bort og avrettast. Deretter fór han frå Judea ned til Cæsarea og vart verande der.

20. Det hadde lenge vore fiendskap mellom Herodes og innbyggjarane i Tyros og Sidon. No vart folket der samde om å venda seg til han. Då dei hadde fått Blastos, kammerherren hos kongen, på si side, bad dei om fred, for landet deira var avhengig av forsyningar frå landområdet til kongen.

21. På den fastsette dagen kledde Herodes seg i kongeleg skrud, sette seg på kongetribunen og tala til folket.

22. Og folket hylla han og ropa: «Her er det ein gud som talar, ikkje eit menneske!»

23. Med det same vart han slegen av ein engel frå Herren, fordi han ikkje gav Gud æra. Han vart oppeten av makk og døydde.

24. Men Guds ord breidde seg ut og hadde framgang.

25. Då Barnabas og Saulus hadde fullført tenesta i Jerusalem, drog dei tilbake. Og dei tok med seg Johannes som hadde tilnamnet Markus.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 12