Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 10:40-48 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

40. han reiste Gud opp att tredje dagen og lét han syna seg,

41. ikkje for heile folket, men for dei vitne som Gud på førehand hadde valt ut, for oss som åt og drakk i lag med han etter at han hadde stått opp frå dei døde.

42. Og han baud oss forkynna dette for folket og vitna at han er den som Gud har sett til dommar over levande og døde.

43. Alle profetane vitnar om han og seier at kvar den som trur på han, skal få tilgjeving for syndene ved hans namn.»

44. Medan Peter endå tala, fall Den heilage ande på alle dei som høyrde Ordet.

45. Dei truande av jødisk ætt som var komne dit saman med Peter, undra seg storleg over at Den heilage andens gåve var aust ut over heidningane òg.

46. For dei høyrde at dei tala i tunger og lova Gud. Då sa Peter:

47. «Desse har fått Den heilage ande slik som vi. Kan då nokon nekta dei vatnet og hindra at dei blir døypte?»

48. Og han baud at dei skulle døypast i Jesu Kristi namn. Så bad dei han vera der nokre dagar.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 10