Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 10:32-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Send bod til Jaffa og be Simon med tilnamnet Peter koma hit! Han held til hos garvaren Simon, som bur nedmed sjøen.’

33. Då sende eg straks bod etter deg, og du gjorde vel som kom. No står vi alle her for Guds andlet og vil høyra alt som Herren har pålagt deg å seia.»

34. Då tok Peter til orde og sa: «No skjønar eg i sanning at Gud ikkje gjer forskjell på folk,

35. men tek imot alle som ottast han og gjer det som rett er, same kva folkeslag dei høyrer til.

36. Dette var det ordet han sende til Israels folk, den gode bodskapen om fred ved Jesus Kristus, han som er Herre over alle.

37. De veit om det som tok til i Galilea etter at Johannes hadde forkynt dåp, og som spreidde seg over heile Judea:

38. at Jesus frå Nasaret vart salva av Gud med Den heilage ande og kraft, og at han gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var under djevelens makt, for Gud var med han.

39. Og vi er vitne om alt det han gjorde rundt om i landet til jødane og i Jerusalem. Han som dei hengde på eit tre og tok livet av,

40. han reiste Gud opp att tredje dagen og lét han syna seg,

41. ikkje for heile folket, men for dei vitne som Gud på førehand hadde valt ut, for oss som åt og drakk i lag med han etter at han hadde stått opp frå dei døde.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 10